Eg synest det er veldig spesielt når folk skryt av eigen uvitenheit. I alle fall når dei gjer det i ein offentleg kronikk, og enda meir når dei stiller opp på Dagsnytt 18 for å avsløre det enda meir.
Kronikkforfattaren er lærar på Oslo aust, noko som skal gi ei slags fjær i hatten og gi kredibilitet når det er snakk om rasisme. Det funkar ikkje.
Kronikken i seg sjølv er pinleg lesnad.
Det virkar som det ikkje går an å påpeike rasisme i Norge utan at nokon dreg “woke”-kortet. Det har blitt ein beleilig hersketeknikk å kansellere antirasistiske standpunkt ved å vise til det evinnelege woke-spøkelset.
Den slitte klisjéen “Norge er ikkje USA” dukkar óg opp. Den har eg høyrt før.
Meir skremmande blir det når Anne Herre Bisgaard omtalar antirasistisk arbeid nesten som om det var ein epidemi. «Vi lever i et samfunn der woke-bevegelsen, med sin kamp mot skjult rasisme og hvite privilegier strømmer gjennom sosiale medier og rett inn i klasserommene våre.»
Motdebattantane i studio, Edvard Botterli Udnæs og Nancy Herz er kloke og tålmodige. Meir tålmodige enn det eg hadde vore. Eg hadde berre sagt: kom deg heim og les deg opp! Start med å lese denne, denne, denne, denne eller denne. Det vil du og elevane dine nyte godt av.