Stikkord: micron

Penn og papir

Det er viktig å unne seg små gleder i desse tider. Ei av desse gledene er ei god notatbok og ein god penn. 

I mitt tilfelle er det ein Dingbats notatbok med deilig, mjukt og godt papir, og ein fyldig og tydeleg Micron penn. Begge kan kjøpast på den fantastiske butikken Lush Dive på Grünerløkka. 

Arbeidsflyten min per i dag

Eg skriv om arbeidsmetodane mine med ujamne mellomrom. På den måten er det lettare å hugse det som funkar, før eg byttar det ut med noko nytt.

Så her er dei verktøya eg brukar no, sånn omtrent i rekkefølge.

Eg startar alltid dagen med ein god penn og ei god notatbok. Eg likar Micron-pennane frå Sakura og notatbøkene frå Dingbats. Eg teiknar og skriv om kvarandre, inspirert av Mike Rohde sine Sketchnotes.

Når eg skal over til digitalt likar eg å bruke Drafts, fordi det er kjapt, enkelt og ekstremt effektivt. Eit skikkeleg godt verktøy.

Sidan eg likar å tenke visuelt (det er difor eg teiknar så mykje) likar eg å bruke tankekart for å samle tankar og idéar og utforme dei. Her er Mindnode suverent, sidan det er både effektivt og estetisk. Eg estetikk har eg sansen for. Med Mindnode kan eg forvandle eit tankekart til kva som helst. Eg har skrive heile rapportar i Mindnode, frå eit lite tankekart til eit konglomerat av idéar.

Alt eg finn på nettet lagrar eg i DEVONthink. Då veit eg at eg finn det igjen. Sidan det fungerer på Mac og iPad (alle verktøya mine må det) så kan eg ligge i sofaen og lese og notere med iPad og penn.

Etterkvart som eg samlar kunnskap og notater så sorterer eg alt i Airtable. Det er eit estetisk vakkert databaseprogram, utruleg nok. Det er gøy å jobbe i Airtable. Eg har ein database for alt i livet mitt no.

Så går det i ein slags runddans mellom desse appane, der eg lagar tankekart, eksporterer som Markdown og får ut eit fiks ferdig dokument i Drafts, kanskje derifrå til Google Docs, og så kanskje tilbake i Airtable og Mindnode.

Eg kan flytte på byggesteinane i prosessen undervegs, og eg jobbar i disposisjonen så lenge eg kan før eg flyttar teksten til eit skriveprogram for å kna den endelege versjonen ferdig.

Omtrent slik ser arbeidsflyten min ut i dag. Det kan hende den vil bli nokså uendra i lang tid, eller kanskje eg kjem til å hoppe på Obsidian-bølga, eller Notion. Tida vil vise.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén