Stikkord: obsidian

Escape Word

Eg såg ein interessant tekst i Morgenbladet om frustrasjonen ved det allestadsnærverande og unødvendig plagsame programmet Word. Det evinnelege tekstbehandlingsprogrammet som har definert kva det vil seie å jobbe med tekst på ei datamaskin, og som alle refererer til når det handlar om å skrive ord på ein skjerm. (Akkurat som rekning er synonymt med Excel og presentasjonar er blitt synonymt med PowerPoint.)

Og likevel er altså Word rett og slett eit dårleg skriveprogram.

I staden for å gjere jobben sin, nemleg å gjere det enklast muleg å skrive tekst, så kjem Word i vegen, og det på alle moglege måtar. Word masar på deg om å utforme teksten før du har skrive den ferdig. Word tar ikkje hensyn til at det er lurt å skrive teksten først, og så utforme den etterpå.

Morgenbladet skriv også om at den einaste grunnen til at alle brukar Word er nettopp det at alle brukar Word. Ein positiv ting ved at folk ser seg lei på Word er at fleire interessante alternativ dukkar opp. Blant anna Drafts, som eg brukar dagleg, og sjølvsagt Obsidian. Kanskje er noko i ferd med å skje, og vi får ein rein tekstrevolusjon der Word endeleg hamnar på skraphaugen? Eg tvilar litt.

Artikkelen kunne gjerne ha sagt meir om løysinga på problemet. Eg har tidlegare skrive om kvifor eg skriv (nesten) alt i reine tekstfiler. Eg skriv i formatet Markdown, som lar meg skrive rein tekst, utan å tenkje på at skriveprogrammet skal formatere det for meg. Markdown er enkelt å lære seg, og kan brukast overalt. Med Markdown kan eg konsentrere meg om skrivinga og ta utforminga i etterkant. Det er kun tekst, og tekstfiler er enkle å ha med å gjere. Teksten kan kopierest frå eitt program til eitt anna, via mail, til ei tekstmelding, til eit dokument. Det er berre tekst, og forandrar ikkje utforming. Med Markdown-formateringa forblir teksten lesbar og lar seg utforme med overskrifter og underskrifter, kursiv og alt. Med reint fokus på teksten slepp enn fleire nykker frå et eit dataprogram som tar seg til rette og klussar med det du skriv.

Med Markdown og reine tekstfiler er det berre teksten som står i fokus, så kan den få ei fin utforming etterpå. Det er ikkje nødvendig med Word, med andre ord.

10 ting verd å dele – september 2023

Her er nokre av dei tinga som har fanga interessa mi i det siste.

Sidewalk Garden

Ein kar som gjer eit urbant hageprosjekt ut av eit asfaltfortau i San Fransisco.

These 38 Reading Rules Changed My Life

Ryan Holiday har 38 råd for korleis ein kan bli betre på å lese bøker, og ta vare på innhaldet.

Rhoneisms

Patrick Rhone har dilla på Hobonichi, akkurat som meg.

Style is consistent constraint

Stephen Ango virkar som ein smart type. Han står bak Obsidian, eit svært interessant dataprogram for å sortere tankar og idéar, og for å skape nye. Han skriv om å det å ha ein eigen stil, som handlar om dei tinga ein bevisst og konsekvent vél vekk.

Apropos Obsidian, så er eg i gang med den nye David Sparks sin nye Obsidian Field Guide.

25 Levels of Freestyle Soccer Skills: Easy to Complex

Det ser veldig gøy ut å bli flink til å trikse med fotball. Og med måten ho forklarer det på i denne videoen ser det nesten ut som det kan være mogleg å lære.

Multi-layered calendars

Ein som skriv om kalenderar og korleis han får det til å funke. Tidsfordriv er alltid interessant.

Nibble and your appetite will grow

Stephen Ango igjen. Om det å ta ting litt og litt, så blir det meir etterkvart.

A little bit every day

Meir av den samme tankegangen, om å få framgang ved å gjere ting litt og litt.

Benjamin Franklin Was Time Blocking Before it Was Cool

Eg prøvar å gjere som Benjamin Franklin, og planlegge meir detaljert, og med fleire faste bolkar.

McCartney on not-knowing and doing it now

Den kreative, litt uforutsigbare kreative prosessen til Paul McCartney.

Obsidian

No har eg omsider kasta meg for alvor ut i Obsidian. Dette er ein app eg har utforska ei stund.

Det dukkar stadig opp spennande program innanfor det ein kallar for Personal Knowledge Management (PKM). Craft er eit slikt program, og det brukar eg no dagleg. Sidan Craft har blitt ein del av Setapp-abonnementet, kan eg bruke programmet fritt, utan begrensningar. Drafts, som er den appen eg brukar aller mest, fungerer på sett og vis som ein PKM-app også. Notion er eit anna veldig interessant program, som eg testar ut frå tid til anna.

Men tilbake til Obsidian. Obsidian er ein app som mange er opptekne av for tida. Eit kjenneteikn ved appar som denne er det å kunne kople saman små notat og kunne hoppe fram og tilbake mellom dei som ein slags personleg Wikipedia. Der er eg godt i gang med Craft, og delvis Drafts. Men det er noko Obsidian gjer som skiller seg ut, nemleg Graph View. Med den får eg opp ein slags interaktiv, bevegeleg stjernehimmel som viser trådar mellom alle dei ulike notata mine, og samanhengene blir veldig konkrete. Eg likar visuelle framstillingar av ting, difor appellerer tankekart til meg. Men i motsetjing til tankekarta eg lagar sjølv i Mindnode, konstruerer Obsidian heilt eigne, dynamiske tankekart som viser relasjonen mellom alt eg har notert. Djupt fascinerande og nesten litt magisk.

Tenk om eg hadde hatt alle desse verktøya då eg studerte for tjue år sidan. Då hadde eg nok ikkje hatt like mange permar lagra i boda som eg har i dag.

Tanketrådar

Eg vurderer å gå fullt inn i Obsidian. Eg har brukt Craft ein del, som eg har skrive om tidlegare, men eg merkar at eg ikkje brukar lenkjefunksjonen i Craft så mykje som eg hadde håpa. Det er vakkert og estetisk i Craft, men etter å ha høyrt på podcastepisoden med Nick Milo i Mac Power Users og sett på videoane til Linking your Thinking, blir eg fascinert av den tekstbaserte enkelheten i Obsidian, og det grunnleggande ved programmet, nemleg å ikkje berre sanke tankar og idéar, men å setje dei saman til nye. Det blir som å ha ei kasse med lego. Det er mykje artigare å bygge noko enn å berre ha klossane liggande der. Etter å ha sett det dynamiske tankekartet som byggjer seg sjølv etter som Obsidian knyttar idéar saman, ser eg at dette er ein heilt unik og nyskapande måte å bygge kunnskap på. Eg har tusenvis av små notat som ligg i ein gigantisk digital haug, enten i Drafts, i Notater eller andre plassar. Dersom eg kan samle saman alle desse små notata og idéane og få dei til å koble seg saman av seg sjølv, så kan det bli ei skikkeleg sinnsforlengar, ein ”Extension of the Mind”, som Annie Murphy Paul skriv om i The Extended Mind, boka eg eg ikkje får ut av sinnet. Det er ikkje nok med éin måte å jobbe på. Jo nærare det digitale kan kome den fysiske verda, jo betre. Difor må vi ha verktøy som appellerer til ulike delar av sinnet.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén