Eg er over snittet interessert i språk. Eg kan ikkje så frykteleg mange språk, men det er eit par språk eg har fordjupa meg i. I tillegg likar eg å plukke opp nokre ord i forskjellige språk her og der. (Eg begrensar meg ikkje når eg spelar Duolingo.)
Berre det at eg skriv nynorsk avslører kanskje at eg er litt nerdete når det kjem til språk. Ikkje minst fordi eg ikkje har hatt nynorsk som hovudmål på skulen sidan 2. klasse. På barneskulen, altså. Men nynorsk, it is.
Engelsk lærte eg meg via MTV og var flytande då eg besøkte London som 13-åring. Så åpna verda seg for alvor opp då eg lærte meg ordentleg portugisisk som 17-åring, på utveksling i Brasil. I tillegg til dei språka kan eg knote greitt nok på spansk, og eg kan finne vegen rundt på fransk.
Alle er i stand til å lære seg litt meir om språk enn dei trur. Eg trur folk hadde hatt meir nytte av å lære fem setningar på fem språk, enn å pugge remser med tysk grammatikk på ungdomsskulen, og ende opp med lite anna enn teite ordtak.
Så blir jo spørsmålet; kva burde dei fem språka vere? Engelsk er ein sterk kandidat, det er alltid kjekt å ha i bånn. Deretter fransk. Ein kjem ikkje utanom det språket dersom ein skal reise i Europa, store delar av Afrika, til og med i delar av Asia og Latin-Amerika. Det hadde óg vore frykteleg kjekt å kunne litt arabisk. Kinesisk óg.
Så ville mange ha sagt spansk, men eg meiner at portugisisk er det eigentlege verdsspråket. Det finst i så godt som alle verdsdelar, og er inngangsporten til Latin-Amerika.
Engelsk, fransk, portugisisk, arabisk og kinesisk. Fem setningar på kvar. (Og engelsk kan du frå før). Det burde vere overkommeleg.
Men kva fem setningar? Det skal eg tenkje litt på.