Då eg var liten var Roald Amundsen min store helt. Eg las om han i leksikon. Eg såg kappløpet til Sydpolen på TV som på 80-talet. Eg blei grufullt fascinert over lagnaden til Robert Falcon Scott og hans menn, som gjorde det skjebnesvangre valet å bruke ponniar i staden for hestar, og omkom etter at dei hadde komme seg fram til Sydpolen, der dei såg det norske flagget sto og blafra. Og framleis sit der ein stad og klamrar seg fast i kvarandre, frosne fast inne i eit telt i isødet.

Eg lagde min eigen kiosk på gata heime i Søvika, men i staden for saft, selde eg heimelagde kopiar av Roald Amundsen sin signatur, som eg kopierte frå leksikonet vårt med blyant og matpapir.

I fjor sommar tok eg familien med til huset til Amundsen på Svartskog. Der står huset uforandra etter at han brått dro på ekspedisjon til isødet i 1928.

Det er som om han nettopp har dratt. Doen er tett, med ein handskriven lapp til advarsel. Urørt i snart hundre år.

Eg fekk også kikke på boka han held på å lese, og som ligg på nattbordet hans. Den første Poirot-boka av Agatha Christie. Han leste ikkje boka ferdig, og den blei liggjande igjen på nattbordet gjennom andre verdskrigen, sekstitalet, russetida til pappa, studietida mi, heile levetida til ungane mine, og til i dag.

Det ligg altså ei krimroman på eit nattbord i Svartskog som ikkje har blitt lest ferdig på hundre år.