Stikkord: sjølvpublisering

Bloggen

Blekket har vel ikkje akkurat spruta i denne bloggen i det siste.

Eg starta å skrive her som eit skriveeksperiment for meg sjølv. Eg ville prøve å rydde meg eit lite hjørne av internett, sette fram ei lita pappkasse og stille meg opp på internettets speaker’s corner. Kanskje kjem det etter kvart nokre tilfeldig forbipasserande.

Eg tenker framleis at det å skrive ein liten blogg er noko alle burde gjere. Eller – kanskje ikkje alle, men mange fleire. Ingen får glede av tankar og idéar som ikkje blir delt med nokon. Og det finst plass til fleire tankar, idéar, erfaringar, innspel og historier. Inkludert mine.

Kanskje er det nokon som finn nokre papirlappar i ein skuff hos meg ein dag, lenge etter at eg er borte.

Kanskje er det nokon som finn dei gamle notatbøkene mine og klarar å tolke noko ut av dei. Men mest sannsynleg vil ingen greie å få tak i alle dei små tekstane og snuttane som eg har lagra på telefonen. Det meste vil forsvinne. Med mindre det er gitt ut. Publisert.

Så når eg skriv her, så gjer eg det mest for min eigen del. For å formulere nokre av dei tinga eg tenker på, med litt enkel finsliping av formuleringar før eg trykker på send-knappen og lar det stå til.

Og så gjer eg det for den eller dei som ein gang kanskje vil lure på kva det var som gikk gjennom hovudet til ein person som meg sånn mot midten av 2020-åra. Kanskje skriv eg mest for meg sjølv? Uansett så ligg det no der ute.

Mine eigne ord

No som verdas rikaste mann har kjøpt Twitter med rubbel og bit er eg enda meir glad for at eg eig innhaldet mitt sjølv, her i min lille avkrok av nettet. 

Sosiale medie er ikkje allemannseige, men éinmannseigde. Det gjeld ikkje minst Twitter og Facebook. Éin dag er dei borte, og innhaldet med. Så eg skriv heller her, på mi eiga side. Her skal det eg skriv, la stå. Så får dei som har tid stikke innom og helse på.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén