Stikkord: skjerm

Handskrift i skulen

NRK skriv om den usikre framtida til handskrifta. Det er dei ikkje aleine om, og heller ikkje først ute med. Det har blitt publisert bekymra artiklar om handskrifta i over sytti år.

Det hender eg les argument som går i retning av at iPad i skulen kan vere skadeleg for handskrifta. Det stussar eg over, all den tid iPad berre har blitt brukt i skulen i fire-fem år.

Dersom eg hadde samla ei gruppe menn på min alder i eit rom og fått dei til å skrive namnet sitt, er eg ganske sikker på at mange av namna ville ha vore vanskelege å lese. Til skilnad frå foreldregenerasjonen vår, blir det mange kråketær når menn i førtiåra skal skrive for hand. Vi lærte å skrive tidleg på 80-talet, tretti år før iPad kom. Likevel blir trusselen mot handskrifta brukt som argument mot iPad i skulen.

Men når var det eigentleg vi slutta å lære å skrive for hand?

Opplæringa i handskrift har i praksis vore nedprioritert i norsk skule sidan 70-talet. Etter at mønsterplanen i 1974 tok vekk handskrift som eige fag, har det stort sett gått jamnt nedover.

Hjelp det med mengdetrening i handskrift når ein ikkje har lært ordentleg å skrive for hand? Gjennom heile skulen skreiv vi alt for hand. Betyr det at vi fekk fin handskrift? Neppe. Det er berre innbilning at handskrifta vil bli betre dersom iPaden blir fjerna frå skulen. Dersom elevane ikkje får lært å skrive ordentleg for hand, nyttar det ikkje å legge vekk tastaturet. Det blir berre fleire ark med dårleg handskrift som læraren må tyde.

I artikkelen blir det sagt at ungane lærer meir ved å skrive for hand enn å skrive på tastatur. Eg veit ikkje om det er så enkelt. Ei nyare studie indikerer at når ein likevel berre skriv akkurat det læraren seier, hjelp det kanskje ikkje så mykje å skrive for hand.

Det som derimot kan verkeleg kan gi stor effekt, er ein tredje metode, nemleg å notere med teikningar. Studier viser at det gir bra effekt. Eg har lenge brukt ein metode som heiter sketchnotes, som er ei blanding av skrift og teikningar. For meg er dette den desidert beste måten å lære på.

Så kva er løysinga heller enn å fjerne nyt teknologi som iPad frå skulen? Eg trur det er å innføre ordentleg opplæring i handskrift, og det finst enkle metodar for dette. Elevane må lære å notere visuelt med tekst og teikningar. I staden for å ta bort nettbrettet, kan skulen gi elevane digitale pennar som hjelpe dei til å lære å teikne og forme bokstavar. Det finst fantastisk programvare for kreativ utforming på iPad, slik som Procreate, Sketchbook og Adobe Fresco.

Skepsisen til skjerm i skulen er ganske valdsam, og argumentasjonen er ofte så som så. Det viser seg at det handlar meir om dårleg implementering enn om plattformen i seg sjølv. Det er jo ingen motsetjing mellom å bruke analoge og digitale verktøy. Det går fint an å bruke begge. Det er betre å ta tak i nedprioriteringa av kunst og handverk i skulen, og å bygge ut biblioteka slik at ungane får lest bøker.

Dei som vil hindre at ungane får tilgang på den beste teknologien for læring, bør ha gode argument. At det skal stå mellom iPad og handskrift i skulen er ikkje eit slikt argument. Og dette kjem frå ein som er over snittet opptatt av handskrift.

Legge til rette for lesing

Målet mitt for starten av dette året har vore å bla mindre og lese meir. Å stenge lukene for informasjonsflaumen. Det finst nemleg ingen grenser for kor mykje omverda kan kaste mot oss av informasjon, men det finst grenser for kor mykje vi kan ta inn. Difor har eg denne månaden lagt til rette for å stoppe opp og konsentrere meg. Det vil seie å lese vidare på det eg har starta på i staden for å heile tida bytte det ut med noko nytt. Når eg tar opp skjermen vil eg sjå det som eg har bestemt meg for å lese, ikkje det som andre har bestemt at eg skal lese. Så eg har bytta ut sosiale medier med artikkelkatalogar, bøker og notater. Det tar tid å bryte vanen med å scrolle ustanseleg gjennom nye ting. Men det var faktisk ei tid der eg ikkje gikk rundt med ei underhaldningsmaskin i lomma, og eg klarte meg fint då óg.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén