Stikkord: solidaritet

Farvel til framtida

Det lovar ikkje godt for framtida at den mørkeblå høgresida vinn fram i skulevalet. Det går kaldt nedover ryggen på meg når Fpu kaprar kvar femte stemme, og når Unge Høgre-leiaren skryt av at dei unge gir blaffen i klimakrisa.

Det gjeld å tenkje på seg sjølv no, tydelegvis.

Effekten av at verda har blitt eit kjipare sted, er altså ikkje å stå meir saman, men å stå lenger frå kvarandre.

Vi går mot ei framtid der dei rikare blir rikare, dei fattige blir fattigare, og vi har eit økosystem som er i ferd med å kollapse. At unge reagerer med likegyldigheit og apati kan kanskje la seg forklare, men likevel er det svært, svært skummelt.

Heldigvis ser ikkje alt mørkeblått ut. Vinden ifra høyre vil snart snu.

OD-dagen

I dag var det OD-dagen. Operasjon Dagsverk er noko av det finaste eg veit, og det har vore ein viktig del av livshistoria mi. Eg sat i klasserommet på Gulset ungdomsskule og blei prega av historiene om tortur av politiske fangar i Chile då OD gikk til Amnesty i 1990. Hausten 1995 var eg på utveksling i Brasil, samtidig som OD gjekk til utdanning for brasiliansk ungdom. Slik kom eg i kontakt med dei lokale OD-støtta prosjekta i Brasil, og med Kirkens Nødhjelp, som var samarbeidspartnaren det året. Tilbake i Skien blei eg med i distriktskomiteen i Telemark den hausten OD skulle gå til utdanning for jenter i Afghanistan, samtidig som det nye Taliban-regimet rulla inn i landet. Året etter vart eg med i hovudkomiteen, og flytta til Oslo. Den hausten gjekk OD til Amazonas, og eg fekk reise og besøke Yanomamifolket, djupt inne i den brasilianske regnskogen. Etter det var eg med å organisere utveksling med ungdom som ville starte OD i Brasil.

Så spolar eg mange, mange år fram i tid, og eg har ein son som jobbar på OD-dagen for første gong, og kontoret mitt er fullt av OD-elevar, fordi det er min organisasjon, KFUK-KFUM, ved KM Global og YMCA South Africa som skal kanalisere pengane til ungdom i Sør-Afrika. OD går ut på det same no som før. Solidaritet ungdom imellom. Det gjer meg stolt, glad og håpefull.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén