Stikkord: tankekart

Obsidian

No har eg omsider kasta meg for alvor ut i Obsidian. Dette er ein app eg har utforska ei stund.

Det dukkar stadig opp spennande program innanfor det ein kallar for Personal Knowledge Management (PKM). Craft er eit slikt program, og det brukar eg no dagleg. Sidan Craft har blitt ein del av Setapp-abonnementet, kan eg bruke programmet fritt, utan begrensningar. Drafts, som er den appen eg brukar aller mest, fungerer på sett og vis som ein PKM-app også. Notion er eit anna veldig interessant program, som eg testar ut frå tid til anna.

Men tilbake til Obsidian. Obsidian er ein app som mange er opptekne av for tida. Eit kjenneteikn ved appar som denne er det å kunne kople saman små notat og kunne hoppe fram og tilbake mellom dei som ein slags personleg Wikipedia. Der er eg godt i gang med Craft, og delvis Drafts. Men det er noko Obsidian gjer som skiller seg ut, nemleg Graph View. Med den får eg opp ein slags interaktiv, bevegeleg stjernehimmel som viser trådar mellom alle dei ulike notata mine, og samanhengene blir veldig konkrete. Eg likar visuelle framstillingar av ting, difor appellerer tankekart til meg. Men i motsetjing til tankekarta eg lagar sjølv i Mindnode, konstruerer Obsidian heilt eigne, dynamiske tankekart som viser relasjonen mellom alt eg har notert. Djupt fascinerande og nesten litt magisk.

Tenk om eg hadde hatt alle desse verktøya då eg studerte for tjue år sidan. Då hadde eg nok ikkje hatt like mange permar lagra i boda som eg har i dag.

Levande tankekart

Eg har tenkt ei stund på å skrive om digitale tankekart og korleis eg brukar dei, men eg har lurt på om det blir for omfattande og smalt. No har Mac-guruen Brett Terpstra imidlertid allereie skrive fyldig om akkurat dette, så da kan eg eigentleg berre henvise dit for den fulle forklaringa.

Eg brukar digitale tankekart til mange ting. Både til idémyldring, til å jobbe med disposisjon og til sjølve skrivinga.

I Mindnode går det an å lage svære og fine kart som eg kan flytte rundt på og forandre som eg vil, medan eg byttar på å jobbe på iPad, iPhone og Mac. På Mac kan eg bruke Marked til å forvandle kartet til eit dokument som eg kan sjå på samtidig som eg jobbar vidare med kartet.

Eg har skrive lange tekstar og rapportar på denne måten. Alt startar som eit dynamisk tankekart, der eg kan flytte rundt på boblene i kartet slik eg vil. Kvar boble blir til ei overskrift, og det går an å legge tekst inn i dei ulike boblene. På den måten kan eg skrive dokumentet nesten heilt ferdig i Mindnode. Til slutt eksporterer eg tankekartet som rein tekst, ferdig formatert i Markdown, og åpnar i Drafts, der det kan fortsette livet sitt som eit dokument.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén