Stikkord: tekstfiler

Escape Word

Eg såg ein interessant tekst i Morgenbladet om frustrasjonen ved det allestadsnærverande og unødvendig plagsame programmet Word. Det evinnelege tekstbehandlingsprogrammet som har definert kva det vil seie å jobbe med tekst på ei datamaskin, og som alle refererer til når det handlar om å skrive ord på ein skjerm. (Akkurat som rekning er synonymt med Excel og presentasjonar er blitt synonymt med PowerPoint.)

Og likevel er altså Word rett og slett eit dårleg skriveprogram.

I staden for å gjere jobben sin, nemleg å gjere det enklast muleg å skrive tekst, så kjem Word i vegen, og det på alle moglege måtar. Word masar på deg om å utforme teksten før du har skrive den ferdig. Word tar ikkje hensyn til at det er lurt å skrive teksten først, og så utforme den etterpå.

Morgenbladet skriv også om at den einaste grunnen til at alle brukar Word er nettopp det at alle brukar Word. Ein positiv ting ved at folk ser seg lei på Word er at fleire interessante alternativ dukkar opp. Blant anna Drafts, som eg brukar dagleg, og sjølvsagt Obsidian. Kanskje er noko i ferd med å skje, og vi får ein rein tekstrevolusjon der Word endeleg hamnar på skraphaugen? Eg tvilar litt.

Artikkelen kunne gjerne ha sagt meir om løysinga på problemet. Eg har tidlegare skrive om kvifor eg skriv (nesten) alt i reine tekstfiler. Eg skriv i formatet Markdown, som lar meg skrive rein tekst, utan å tenkje på at skriveprogrammet skal formatere det for meg. Markdown er enkelt å lære seg, og kan brukast overalt. Med Markdown kan eg konsentrere meg om skrivinga og ta utforminga i etterkant. Det er kun tekst, og tekstfiler er enkle å ha med å gjere. Teksten kan kopierest frå eitt program til eitt anna, via mail, til ei tekstmelding, til eit dokument. Det er berre tekst, og forandrar ikkje utforming. Med Markdown-formateringa forblir teksten lesbar og lar seg utforme med overskrifter og underskrifter, kursiv og alt. Med reint fokus på teksten slepp enn fleire nykker frå et eit dataprogram som tar seg til rette og klussar med det du skriv.

Med Markdown og reine tekstfiler er det berre teksten som står i fokus, så kan den få ei fin utforming etterpå. Det er ikkje nødvendig med Word, med andre ord.

Craft & Drafts

No ser det ut som eg skal skrive om ølbrygging, men dette handlar altså om programvare. 

Eg har kome over mykje gull i jakta på det perfekte datasystemet. Det er dyktige folk der ute som lagar kvalitetsprogram for Mac og iOS. Koblinga av estetikk og funksjonalitet, det er målet dei beste strebar etter. 

Drafts

Drafts er alt muleg-programmet mitt. Alt av tekst havnar der først. Alt frå huskelappar og handlelister til dikt, dagbøker, omfattande rapportar, database og tekstarkiv. Eg kan bruke det til alt. Det er ufatteleg kjapt å komme i gang med, og det er uendeleg mykje ein kan gjere med det. Drafts har vore grunnmuren i tekstbehandlinga mi lenge. I tillegg til å vere ein superkjapp og enkel måte å notere ned tekst på, er Drafts eit kraftig verktøy for tekstbehandling og filorganisering.
Eg har eg brukt Drafts som eit oversiktsbord. Eg kan linke saman notater, lage arbeidsområder og prosjektdokument der alt er kobla saman og eg kan finne fram kjapt. Alt er tekstbasert og genialt enkelt og nedstrippa. Eg kunne kanskje ha klart meg med Drafts. Men eg har iblant sakna noko litt meir visuelt. Då kom eg over Craft. 

Craft

Craft er eit vakkert program. Smidig, oversiktleg, visuelt og det gjer all informasjonen min lett tilgjengeleg. Craft er eit oversiktsbord, der eg lett kan finne fram til alt eg treng av informasjon. Alt kan linkast saman med alt, og det fungerer like bra på Mac, telefon og iPad. Eg likar programvare som, i tillegg til å vere kraftig og funksjonell, I tillegg er pent og gøy og innbydande å bruke.

Craft fungerer no som dashbordet mitt der eg kan å få oversikt og klikke meg vidare til andre ting eg jobbar med. Herifrå kan eg koble meg kjapt vidare til Airtable, DEVONthink, Google docs, Drafts eller kva anna det måtte vere. Det er estetisk, oversiktleg, multifunksjonelt og enkelt å bruke. Programvare på sitt beste. 

Eg er likevel ikkje heilt einig med meg sjølv om når det er best å bruke kjappe, tekstbaserte Drafts og når det er best å bruke vakre, visuelle Craft. Det skal eg etterkvart finne ut av. 

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén