Eitt av dei programma eg verkeleg er avhengig av er TextExpander. Det gjer slik at eigendefinerte tekstforkortingar blir utvida automatisk, slik at eg til dømes kan taste mi eiga forkorting «åmd» og så skriv Macen (eller iPaden eller telefonen) dagens dato, klokkeslett, vekenummer heilt av seg sjølv, fordi eg har programmert det på førehand. Eg trenger ikkje å skrive «med vennleg helsing», men «mmvh» og så kjem resten av seg sjølv. Det kjennest litt magisk.

Det er så effektivt at eg iblant gløymer kor effektivt det faktisk kan vere, slik at eg tastar ting av gamal vane som eg enkelt kunne ha forkorta. Eg treng ikkje å skrive telefonnummeret mitt, adressa mi, e-postadressa mi, for eg har forkortingar for alt saman. Likevel gløymer eg meg iblant. Eg må innimellom gå gjennom og finne forkortingar for tinga eg ofte skriv, for eg veit at eg sparer mykje tid og kjedeleg tasting i lengda.

Når datamaskina kan automatisere, så er det ingen vits å ikkje benytte seg av det. Eg prøvar å ikkje la min eigen sløvheit og gamle vanar stå i vegen for at datamaskina sine superkrefter kan hjelpe til i kvardagen.