Stikkord: tips Page 1 of 3

Litt, ikkje ingenting

Litt er sjukt mykje betre enn ingenting. Eg lar denne bloggposten stå som eit døme på det.

Superkrefter ved eit tastetrykk

Eitt av dei programma eg verkeleg er avhengig av er TextExpander. Det gjer slik at eigendefinerte tekstforkortingar blir utvida automatisk, slik at eg til dømes kan taste mi eiga forkorting «åmd» og så skriv Macen (eller iPaden eller telefonen) dagens dato, klokkeslett, vekenummer heilt av seg sjølv, fordi eg har programmert det på førehand. Eg trenger ikkje å skrive «med vennleg helsing», men «mmvh» og så kjem resten av seg sjølv. Det kjennest litt magisk.

Det er så effektivt at eg iblant gløymer kor effektivt det faktisk kan vere, slik at eg tastar ting av gamal vane som eg enkelt kunne ha forkorta. Eg treng ikkje å skrive telefonnummeret mitt, adressa mi, e-postadressa mi, for eg har forkortingar for alt saman. Likevel gløymer eg meg iblant. Eg må innimellom gå gjennom og finne forkortingar for tinga eg ofte skriv, for eg veit at eg sparer mykje tid og kjedeleg tasting i lengda.

Når datamaskina kan automatisere, så er det ingen vits å ikkje benytte seg av det. Eg prøvar å ikkje la min eigen sløvheit og gamle vanar stå i vegen for at datamaskina sine superkrefter kan hjelpe til i kvardagen.

Ein fin plass på nettet

Ein av favorittplassane mine på nettet har tatt permisjon på ubestemt tid. 

Når eg treng å bli inspirert – og ikkje deprimert – av det eg finn på nettet, så har eg aldri blitt skuffa av kottke.org. Det har eg mange gode erfaringar med. 

Jason Kottke deler det han blir fascinert av, og eg deler som regel fascinasjonen. Nettsida er ei gjennomtenkt, nøye utvald samling av tekst og bilder som viser kor flott og rar verda kan vere.

No har han tatt pause frå nettsida si. Eg håpar han brukar permisjonen godt, og at kjem sterkare og meir inspirert tilbake. Eg kjem til å sakne denne sida.

Penn og papir

Det er viktig å unne seg små gleder i desse tider. Ei av desse gledene er ei god notatbok og ein god penn. 

I mitt tilfelle er det ein Dingbats notatbok med deilig, mjukt og godt papir, og ein fyldig og tydeleg Micron penn. Begge kan kjøpast på den fantastiske butikken Lush Dive på Grünerløkka. 

Litt kvar dag

Små skritt, det er vegen å gå. Heller fokusere på å komme bittelitt lenger kvar dag enn å glane mot eit fjernt mål. Heller la seg motivere av å vere på veg enn av å ikkje vere framme. 

Litt kvar dag blir ikkje mykje i dag, men det blir mykje i lengda. Og før ein veit ordet av det, har ein fått til noko bra.

Som Ryan Holiday seier det:

«Forget outcomes. Focus on making a little progress every day.»

Litt kvar dag. Jevnt og trutt. Over lang tid. Då skjer det ting.

«Creating anything of consequence or magnitude requires deliberate, incremental and consistent work. One gain per day. That’s it. Focus on that.»

Bok eg har lest i vinter – Breath av James Nestor

James Nestor har skrive ei lærebok i pusting. Høyrest ikkje så revolusjonerande ut, men det er kanskje det likevel. Eg plukka i alle fall opp eit par ting her som eg kjem til å bruke vidare. Eg oppdaga forfattaren på denne podcasten, og blei veldig nysgjerrig. Boka har blitt omtalt i eit par norske medier óg, ikkje minst på Lindmo, der Thomas Gjertsen fortél om praksisen med å teipe saman leppene på natta. Høyrest litt vilt ut, men det funkar. Redaktøren i Harvest, Kjetil Østli, har også testa det.

Eg har opplevd sjølv kor stor effekt det kan ha å kontrollere pusten, men denne boka tar alt eit skritt vidare. Definitivt ei bok som må lesast om igjen.

Vanar

Eg prøvar å legge til meg ein vane om å innarbeide nye, gode vanar. 

Det er ikkje alltid det går etter planen. 

Vanane er der uansett. Dei er berre ikkje alltid gode. Heldigvis går det an å vende dei. 

Det meste i livet ordnar seg med gode vanar og god tid. 

Éin ting i morgon

Eg trur eg heller vil bestemme meg for å gjere éin ting i morgon, enn å tenkje på alle dei tinga eg eigentleg skulle gjort i dag. 

Arbeidsflyten min per i dag

Eg skriv om arbeidsmetodane mine med ujamne mellomrom. På den måten er det lettare å hugse det som funkar, før eg byttar det ut med noko nytt.

Så her er dei verktøya eg brukar no, sånn omtrent i rekkefølge.

Eg startar alltid dagen med ein god penn og ei god notatbok. Eg likar Micron-pennane frå Sakura og notatbøkene frå Dingbats. Eg teiknar og skriv om kvarandre, inspirert av Mike Rohde sine Sketchnotes.

Når eg skal over til digitalt likar eg å bruke Drafts, fordi det er kjapt, enkelt og ekstremt effektivt. Eit skikkeleg godt verktøy.

Sidan eg likar å tenke visuelt (det er difor eg teiknar så mykje) likar eg å bruke tankekart for å samle tankar og idéar og utforme dei. Her er Mindnode suverent, sidan det er både effektivt og estetisk. Eg estetikk har eg sansen for. Med Mindnode kan eg forvandle eit tankekart til kva som helst. Eg har skrive heile rapportar i Mindnode, frå eit lite tankekart til eit konglomerat av idéar.

Alt eg finn på nettet lagrar eg i DEVONthink. Då veit eg at eg finn det igjen. Sidan det fungerer på Mac og iPad (alle verktøya mine må det) så kan eg ligge i sofaen og lese og notere med iPad og penn.

Etterkvart som eg samlar kunnskap og notater så sorterer eg alt i Airtable. Det er eit estetisk vakkert databaseprogram, utruleg nok. Det er gøy å jobbe i Airtable. Eg har ein database for alt i livet mitt no.

Så går det i ein slags runddans mellom desse appane, der eg lagar tankekart, eksporterer som Markdown og får ut eit fiks ferdig dokument i Drafts, kanskje derifrå til Google Docs, og så kanskje tilbake i Airtable og Mindnode.

Eg kan flytte på byggesteinane i prosessen undervegs, og eg jobbar i disposisjonen så lenge eg kan før eg flyttar teksten til eit skriveprogram for å kna den endelege versjonen ferdig.

Omtrent slik ser arbeidsflyten min ut i dag. Det kan hende den vil bli nokså uendra i lang tid, eller kanskje eg kjem til å hoppe på Obsidian-bølga, eller Notion. Tida vil vise.

Tips for å bli meir produktiv II

Ikkje start dagen med mail.

Å starte dagen med mail er å la andre folk sette agendaen din. Og andre folk bryr seg ikkje om agendaen din.

Start heller dagen med ein kaffikopp, penn og papir, og din eigen plan.

Folk kan vente.

Page 1 of 3

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén