Akkurat no les eg Hvitekrist av Tore Skeie.

Ei av dei mest velskrivne bøkene eg kan hugse å ha lest på lenge. Ei fantastisk skildring om Olav Haraldsson og dei norrøne kongane, som gjer dei om til ekte menneske og ikkje berre mytiske sagafigurar. Han skriv om korleis dei herja og plyndra og erobra og fór rundt omkring frå Giske til Istanbul til Dublin og Cordoba. Og eg får innblikk i korleis det kan ha vore å vere der. Eg gler meg til dei neste bøkene.