Litt er sjukt mykje betre enn ingenting. Eg lar denne bloggposten stå som eit døme på det.
Stikkord: vanar
Det digitale livet inneber ein uendeleg straum av nye ting. Det er ikkje meininga at vi skal stoppe opp og dvele. Vi skal finne nye ting, og dersom vi ikkje får lest det der og då, legg vi det i den stadig veksande bunken. Det kjem alltid nye nyheiter, så det er berre å fylle på.
Men det går an å gå mot straumen.
Det går an å vende vanen å konstant sjekke nye ting, og heller stoppe opp. Eg prøvar å innarbeide vanen med å snu den digitale bunken, og plukke ut det eg lagra først, ikkje det eg lagra sist.
Alle nye ting eg finn på nettet som er interessant, lagrar eg i Instapaper, og der kan eg sortere bunken etter «Oldest saved». Då kjem det ofte mykje interessant til syne.
Rett som det er finn eg ut at det var ein god grunn til at eg lagra artiklane eg hadde gløymd at eg hadde tenkt å lese.
Eg har meir tru på daglege vanar enn på vidløftige planar. Eg trur det som får størst betydning på sikt er dei små tinga ein gjer kvar dag.
Denne podcastepisoden handlar om akkurat det. Typology er ein podcast som brukar Enneagrammet som bakteppe. Intervjuet er med James Clear, forfattaren av den veldig gode boka Atomic Habits. Verd å få med seg.