Stikkord: vaner

Små, daglege handlingar

Eg prøvar å halde fast ved nokre små, daglege vanar.

Nokre av desse handlingane er nesten symbolske. Men dei representerer ting eg vil fylle livet mitt med.

Som å plukke opp gitaren. Skrive eit par linjer til denne bloggen. Gå ein kort tur. Éi armheving. Ta eit bilde.

Altfor ofte føles det som om dagane berre renn av gårde, og livet med dei. Utan at eg har utretta stort.

Då brukar eg vanane som merkesteinar. Ei rettesnor i tåka. Eit tau eg kan halde i som viser kor ruta mi går, sjølv om eg ikkje ser kor eg skal.

Litt kvar dag.

Superkrefter ved eit tastetrykk

Eitt av dei programma eg verkeleg er avhengig av er TextExpander. Det gjer slik at eigendefinerte tekstforkortingar blir utvida automatisk, slik at eg til dømes kan taste mi eiga forkorting «åmd» og så skriv Macen (eller iPaden eller telefonen) dagens dato, klokkeslett, vekenummer heilt av seg sjølv, fordi eg har programmert det på førehand. Eg trenger ikkje å skrive «med vennleg helsing», men «mmvh» og så kjem resten av seg sjølv. Det kjennest litt magisk.

Det er så effektivt at eg iblant gløymer kor effektivt det faktisk kan vere, slik at eg tastar ting av gamal vane som eg enkelt kunne ha forkorta. Eg treng ikkje å skrive telefonnummeret mitt, adressa mi, e-postadressa mi, for eg har forkortingar for alt saman. Likevel gløymer eg meg iblant. Eg må innimellom gå gjennom og finne forkortingar for tinga eg ofte skriv, for eg veit at eg sparer mykje tid og kjedeleg tasting i lengda.

Når datamaskina kan automatisere, så er det ingen vits å ikkje benytte seg av det. Eg prøvar å ikkje la min eigen sløvheit og gamle vanar stå i vegen for at datamaskina sine superkrefter kan hjelpe til i kvardagen.

Snu bunken

Det digitale livet inneber ein uendeleg straum av nye ting. Det er ikkje meininga at vi skal stoppe opp og dvele. Vi skal finne nye ting, og dersom vi ikkje får lest det der og då, legg vi det i den stadig veksande bunken. Det kjem alltid nye nyheiter, så det er berre å fylle på.

Men det går an å gå mot straumen.

Det går an å vende vanen å konstant sjekke nye ting, og heller stoppe opp. Eg prøvar å innarbeide vanen med å snu den digitale bunken, og plukke ut det eg lagra først, ikkje det eg lagra sist.

Alle nye ting eg finn på nettet som er interessant, lagrar eg i Instapaper, og der kan eg sortere bunken etter «Oldest saved». Då kjem det ofte mykje interessant til syne.

Rett som det er finn eg ut at det var ein god grunn til at eg lagra artiklane eg hadde gløymd at eg hadde tenkt å lese.

Små ting dagleg

Eg har meir tru på daglege vanar enn på vidløftige planar. Eg trur det som får størst betydning på sikt er dei små tinga ein gjer kvar dag. 

Denne podcastepisoden handlar om akkurat det. Typology er ein podcast som brukar Enneagrammet som bakteppe. Intervjuet er med James Clear, forfattaren av den veldig gode boka Atomic Habits. Verd å få med seg.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén