Hail Mary Project er den nyaste boka til Andy Weir, som eg kom over via boklista til ein erfaren lesar med internasjonal erfaring. Eg leste dei to føregåande bøkene av Weir, nemleg The Martian (kjempebra), og Artemis, (nokså bra). Denne hamnar ein stad midt imellom. Det er science fiction med masse science. Framstår ganske truverdig, samtidig fullstendig far out – i bokstaveleg forstand.
Weir har interessante betraktningar om korleis andre livsformer kan sjå ut, tatt i betraktning at dei trass alt lever under dei same grunnleggjande fysiske lovene, og er bygd opp av dei same grunnstoffa som oss. Og så er det ein del humor, i kjent Andy Weir-stil. Ei kul, interessant og vittig bok. Tidvis ganske spanande, men no trur eg at eg foreløpig er nokså metta på science fiction.